Planprogram for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel

17. desember 2024 vedtok Voss heradsstyre Planprogram for revisjon av kommuneplanen. 

Planprogrammet som vart vedteke i heradsstyret omfattar både arbeidet med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og kommuneplanen sin arealdel. 

Planprogrammet ser du her:

Planprogram - Kommuneplan for Voss herad 2025 - 2037 (PDF, 705 kB)

 

Kva er eit planprogram?

I samband med at me startar opp arbeidet med revisjon av kommuneplanen skal det utarbeidast eit planprogram som skal leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn. Å utarbeida planprogram er ei lovpålagt oppgåve, heimla i Plan- og bygningslova § 11- 13. 
Planprogrammet skal gjera greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behov for utgreiingar/ ny kunnskap

 

Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen er eit overordna og langsiktig styringsdokument. Planen er vårt viktigaste verktøy når me skal leggja til rette for kva samfunnsutvikling, arealforvaltning og tenesteproduksjon me ynskjer i heradet vårt. Planen gjeld for alle som bur og arbeidar i heradet.  

Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen skildrar kva langsiktige mål kommunen har for samfunnsutviklinga. Samfunnsdelen skal kunna fungera som eit politisk styringsverktøy, og ha tydelege satsingsområde og mål. Måla i samfunnsdelen skal vera styrande for kva andre planar kommunen vel å utarbeida, og skal også vera grunnlag for prioriteringar i årleg rullering av økonomiplan. Arealdelen skal omsetja måla i samfunnsdelen til arealpolitiske verkemiddel og fastsetja rammer for langsiktig arealutvikling i kommunen. Kommuneplanen skal også innehalda ein arealstrategi. Ein arealstrategi skildrar kommunen sine overordna prinsipp for framtidig arealutvikling. Føremålet med arealstrategien er å syna samanhengen mellom framtidig arealbruk og samfunnsutvikling. Arealstrategien vil verta integrert i kommuneplanen sin samfunnsdel for å få tett og god kopling mellom samfunns- og arealdel.

 

Innspel til kommuneplanen

Innspel – samfunnsdelen

I løpet av vinteren og våren 2025 skal kommuneplanen sin samfunnsdel og ny arealstrategi utarbeidast. I mai/juni 2025 vil forslag til ny samfunnsdel verta lagt fram for fyrste gongs politisk handsaming og leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn. Det vil då verta opna for å koma med innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel.  

Innspel – arealdelen

Parallelt med arbeidet med samfunnsdelen vil det verta arbeidd med kunnskapsgrunnlaget til revisjon av arealdelen. Ny arealstrategi skal utarbeidast i samband med samfunnsdelen, og kommuneplanen sin arealdel vil byggja på føringane i arealstrategien. Fyrst hausten 2025, når samfunnsdelen er vedteken, vil det vil verta opna for å koma med innspel til arealdelen.  

 

Medverknad i samband med revisjon av kommuneplanen

Det vert lagt opp til ei rekkje aktivitetar der me inviterer innbyggjarane våre med i arbeidet med ny kommuneplan for Voss herad. 

Sjå oversikt over dei ulike aktivietane her

 

Kontakt

Revisjon av kommuneplanen

 

Kommuneplanen sin samfunnsdel:

Gunnhild Utkvitne Gunnhild.Utkvitne@voss.herad.no

 

Kommuneplanen sin arealdel:

Kjersti Næss Finne Kjersti.N.Finne@voss.herad.no