Voss i vekst

Temaplan for Voss i vekst skildrar korleis Voss herad kan styrka utdannings- og kompetansenivået i heile heradet, inklusive kommuneorganisasjonen.  Målet med temaplanen er å finna ut kva som må til for å skaffa nok og rett kompetanse, og korleis me skal sikra dette.  Planen vart vedteke hausten 2022. 

 

Planen med tilhøyrande dokument finn du her:

Temaplan Voss i vekst (PDF, 7 MB) 

Analysevedlegg (PDF, 800 kB) 

 Kunnskapsgrunnlag (PDF, 2 MB)

Rettleiing til bruk av temaplanen (PDF, 490 kB)

 

Bakgrunn

I 2020 kom det ein rapport frå NOU som viser til at det som følgje av samfunnsutviklinga vil vera eit kontinuerleg behov for kompetansebygging framover. Slik det ser ut nå så vil Voss ha store utfordringar med å få nok folk med rett kompetanse i framtida. Me treng ein ny distriktspolitikk og bør tenkja nytt for å skapa berekraftige samfunn i distrikta som kan handtera demografiutfordringane.

I tråd med FN sitt berekraftmål nr 4 «God utdanning», skal Voss herad sikra ei god utdanning og fremja livslang læring for alle. Innan 2030 skal me ha ein monaleg auke i tal på unge og vaksne med kompetanse som er relevant for sysselsetjing, arbeid og entreprenørskap. Voss herad skal tilby eit breidde av læreplassar, og samarbeida med andre for å etablera fleire av desse. På denne måten vil me tryggja at næringsliv og offentleg sektor i heradet har tilgang til relevant kompetanse for framtida. Dette skjer ikkje av seg sjølv, og difor må me ha ein plan.    

Mål for planen

 

  

Hovudmål

Arbeidslivet på Voss må ha tilgang på nok og rett kompetanse. Målet med temaplanen er å finna ut kva som må til og korleis me skal sikra dette.

Delmål 1

Voss herad treng å utnytta dei ressursane me har. Som eit delmål skal planen klargjera korleis me sikrar at folk gjennomfører utdanningsløpet, og at dei som står utanfor arbeidslivet kjem seg inn.

Delmål 2

Det andre delmålet er å rusta oss for eit arbeids – og næringsliv i endring.

Delmål 3

Kultur – og fritidstilbod kan trekkja folk med høgare kompetanse. Korleis kan me best mogleg utnytta potensialet som ligg her?

«Voss i vekst» vil fungera som eit strategisk styringsdokument og rammeverk. Den skal vera ein plan som gjev føringar på arbeidsmetodikk, prinsipp og ivaretaking av arbeidet tverrsektorielt. Den skal også ta utgangspunkt i delmål frå kommuneplanen sin samfunnsdel og innehalda oversikt over kva mål og strategiar temaplanen skal bidra til å nå. Planen skal gjelda frå 2022 - 2032.

Kva skal Voss herad satsa spesielt på?

 

   

 

For å kunna leggja til rette for å skaffa nok og rett kompetanse, skal Voss herad jobba med tre innsatsområde:

  •  Kompetansekommunen Voss
  •  Framtidig arbeidsliv
  •  Ivareta og utvikla kultur- og fritidstilbod

Alle tenestene i Voss herad skal verta utvikla i tråd med desse tre innsatsområda. Det vil vera essensielt at Voss herad samarbeider tett med næringslivet og frivillig lagsliv for å koma fram til dei beste løysingane.

Verktøykasse

 

  

 

I temaplanen presenterer me ei verktøykasse med moglege tiltak til kvart innsatsområde. Det er for å ha ein tilnærming der det er enklast mogleg å nytta temaplanen til noko konkret og nyttig, med informasjon som er lettfatteleg for alle å forstå.

Medverknad

 

   

For å nå hovudmålet måtte me finna ut korleis skal me få tak i nok og rette folk til stillingar i heradet. Korleis skal me få dei til å vera i stillinga si? Utfordringane med å skaffa kompetanse er samansette, krev eit omstillingsdyktig og innovativt samfunn . Me må løysa desse utfordringane i fellesskap for å klara å sjå heile biletet. Då er prosessen for medverknad essensiell – kva kan Voss herad gjera for næringslivet i kommunen slik at dei klarer å rekruttera når dei treng det? Kva kan kommunen leggja til rette for?  Forankring og medverknad stod sentralt gjennom heile planprosessen. 

Kjelder

NOU 2020:15 : «Det handler om Norge - Bærekraft i hele landet. Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene»