Kartleggjing

Voss herad ynskjer å halde eit mest mogleg oppdatert kartverk over vass- og avløpsleidningar i kommunen. For å få dette til registrerar me inn både kommunale leidningar og private leidningar i kartverkssystemet vårt Gemini VA.

Sidan dei første vass- og avløpsleidningane vart lagt i kommunen har Voss oppretthaldt eit kartverk over leidningar i grunnen. I byrjinga og fram til ca. 1990 oppretthaldt kommunen kartverket i form av handteikna skisser over dei forskjellige leidningane i grunnen. På 90-talet kjøpte kommunen inn programvaren Gemini VA for å digitalisere dataene på leidningsnettet. Sidan den tid, har kommunen vedlikehaldt systemet og held framleis på med kontinuerlieg forbetring og registrering av vass- og avløpsleidningar i systemet.

Det føreligg framleis fleire "hol" i systemet, der me har lite eller manglande data på leidningsnettet. Dette gjeld spesielt private stikkleidningar. Voss herad ynskjer difor tilbakemelding hos abonnentane sjølv, om plassering og kopling av sikk mot kommunalt hovudnett. Me ynskjer og data på eventuelle private vassforsyningssystem og avløpssystem, då me ynskjer ein mest mogleg komplett database over kva som føreligg seg i forskjellige områder.

Me ber difor om at fylgjande skjema vert fylt ut og levert til kommunen:
Kartleggingsskjema (PDF, 154 kB)