Kommunale vegarDrift av kommunale vegar skal sikra brukarane framkomeleg og trygg ferdsel - både for motorisert trafikk og mjuke trafikantar.Det kommunale vegnettet til Voss herad utgjer mellom anna:Om lag 300 km køyreveg av ulik standard der 58 % har asfaltdekkeOver 11 km gang- og sykkelvegar og 10 km fortauMeir enn 100 bruer med spennvidder opp til 100 m5 tunellar og 1 kaikring 1660 vegljos 1500 skiltpunkt, 800 kummar og sluk og ca 3000 stikkrenner Ein kan på kart-tenesta Vossakart sjå kven som er vegeigar ved å gå inn på kartlag, og huka av for vegkategori. NB! kartlaget kan innehalda feil. Avdelinga har òg ansvar for flaumsikringstiltak.Me er avhengige av meldingar frå publikum og prioriterer drift og utbetringstiltak så godt me kan innafor dei økonomiske rammene som vert gjeve.Hovudplan vegHovudplan veg for Voss herad 2024 -2031 er ein plan for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunalt vegnett. Planen gjev ei oversikt over status på det kommunale vegnettet og gjev eit oversyn over naudsynte økonomiske midlar for å drifta, vedlikehalda og oppjustera vegnettet til ynskja standard. Under kan du lesa saksframlegget, sjølve planen samt ein kortversjon av planen: Hovudplan veg 2024 – 2031 (PDF, 4 MB) Saksframlegg: hovudplan veg Voss herad (PDF, 301 kB) Kortversjon av hovudplan veg 2024 – 2031 (PDF, 1022 kB)Heradsstyret hadde planen oppe til behandling 21. mars 2024, sak 19/24: politisk handsaming av hovudplan veg. Sist endra 20.05.2026 09.04