Voss herad

Aktuelt frå kommunen

  • 09.01.2026

    Legat for ungdom under ut...

    Legatet deler etter planen ut midlar for å yta økonomisk stønad til ungdom som har tilknyting til Voss herad og som søkjer utdanning, i første rekkje på universitet og høgskulenivå, eller til dei som tek anna utdanning grunna sjukdom. Ein vil ta omsyn til tidlegare tildelingar. Søknadsfrist er 20. januar 2026.
  • 07.01.2026

    Vedlikehaldsarbeid Jordal...

    Voss herad melder om at vedlikehaldsarbeidet i Jordalstunnellen fortset torsdag 08.01.2026. Tunellen vil verta stengt i periode på 1 time i tidsrommet 09:00 - 12:00
  • 07.01.2026

    No kjem auken i eigedomss...

    Denne veka får alle som eig bustad og fritidsbustad i Voss herad melding om kva eigedomsskatten vert i år. Årsaka er at skattesatsen er auka frå 2,1 til 3,1 promille.
  • 07.01.2026

    Vedlikehaldsarbeid i Jord...

    Voss herad melder om at det skal utførast vedlikehaldsarbeid i Jordalstunnellen onsdag 07.01.2026. Vegen kan verta stengt på periodar inntil 1 time i tidsrommet kl 10-14.
  • 01.01.2026

    Vassmålaravlesing 2025

    For å sikra korrekt fakturering av vass- og avløpsgebyr er det viktig at alle abonnentar leverer inn vassmålaravlesing innan fristen 31.12.2025. Her finn du informasjon om korleis du les av vassmålaren, kva du skal registrera, og korleis du melder frå dersom noko er feil.
  • 23.12.2025

    Jordvernstrategien til Vo...

    Heradsstyret vedtok 11. desember jordvernstrategi for Voss herad. Hausten 2024 byrja arbeidet med ein kommunal jordvernstrategi på bakgrunn av tildeling av tilskotsmidlar frå Landbruksdirektoratet.