Potensialet for naturbaserte løysingar ved flaumrisikohandtering i Vossavassdraget

Voss herad har, med støtte frå Miljødirektoratet, fått utgreidd potensialet for bruk av naturbaserte løysningar knytt til flaumrisikohandtering i Vossavassdraget.  

NORCE LFI har utarbeidd rapporten, og dei konkluderer med at kombinasjon av ulike «tiltakspakker» har potensial til ein tilstrekkeleg flaumrisikohandtering (200 års flaum + klimapåslag), og samstundes oppretthalda eller forbetra miljøtilstanden i vassdraget.

 

Tiltakspakker:

1. Arealplanlegging og arealbruk med omsyn til resterande flaumsoner

2. Flaumdemping i eksisterande innsjøar og magasin, særleg i Strandaelvi og Teigdalselvi

3. Utviding av utløpet av Vangsvatnet med tappeluke for forhandstapping ved flaumfare, samt utviding av juvet nedanfor og miljøtiltak

4. Sedimentforvaltning med sikring av avløpskapasitet og miljøtilstand

5. Lokale sikringstiltak kombinert med naturbaserte løysingar og mobile komponentar

6. Flytting av særlig utsett busetning og tilpassing av arealbruk vil redusere behovet for andre sikringstiltak og beredskap, betra tryggleik for liv og helse, kunne redusere kostnader og vil opna for meir omfattande miljøtiltak.

 

Lekkje til sjølve rapporten: Potensial for naturbaserte løysingar ved flaumrisikohandtering i Vossavassdraget (PDF, 6 MB)

 

Det vart gjeve ein presentasjon av heradet sitt arbeid med flaum og flaumsikring samt rapporten på FPL møte 3. oktober 2024