Personalleiar - kompetansekrav

Leiarane våre er viktige i arbeidet med å utvikla heradet til eit sterkt regionsenter med levande bygder. Ei viktig leiaroppgåve er å gje dei tilsette retning, finna og nytta handlingsrom, ha fokus på resultat samt fremja medarbeiderskap og innovasjonskultur. 

For å hjelpa deg som personalleiar i dine daglege gjeremål, har rådmannens stab definert kva kompetansekrav me stiller til ein personalleiar i heradet og kva tiltak som skal syta for at du tilegner deg denne kompetanse. Som alle dine medarbeidarar, har du kompetansekrav til alle tilsette i Voss herad som finn du her. 

Kompetansekrava som berre gjeld deg som personalleiarar finn du under. Lenkjene går anten direkte til nettkurs, informasjon du sjølv må setja deg inn i eller kurs der du finn mogeleigheita til å melda deg på, når dato er satt opp.

Det er ei målsetjing å samla leiarar med lang fartstid med nye leiarar i heradet, då dette bidrar til nyttig erfaringsutveksling og god kompetanseoverføring i organisasjonen. Kursdatoar blir lagt ut i god tid på førehand, slik at du får satt av tid i kalenderen.

I tillegg til kompetansekrava som me stiller til alle tilsette, har du som personalleiar desse krava: 

Styrande dokument som du sjølv må gjera deg kjent med: 

- Administrativt delegeringsreglementet
- Budsjett og økonomiplanen 
Internkontroll i Voss herad
Kommuneplanen sin samfunnsdel
- Styring i Voss herad
- Økonomireglementet

I tillegg til dei faste kompetansekrava over, vil rådmannens stab koma med tilbod om temaopplæring:

- Strategi og styring vil setja opp temaopplæring via Teams med ulike tema, som for eksempel:

  • Visma Økonomi: grunnopplæring i programvaren: fakturabehandling, kontering og utfakturering
  • Framsikt: grunnopplæring i programvaren, analyse, månedsrapportering og budsjett
  • Økonomistyring for vidarekomande

- Innbyggjarservice og HR og innovasjon vil setja opp temaopplæring via Teams etter behov.

Tilbake til Leiarutvikling