Nyheitsbrev 23. mai

Ekstrautgåve av nyheitsbrevet i dag. Stikkorda er: Andungar redda på Evanger, millionar i spelemidlar til Voss herad, borna si kunstutstilling, praktisk naturrestaurering og sommaraktivitetar for vaksne.

Viltforvaltar Ingmar Slettemark fann og tok seg av dei ti små andungane Tor H. Halvorsen Dei var ikkje så lette å sjå, men viltforvaltaren høyrde lyden av dei ti andungane nær E16 Ingmar Slettemark

Torsdag vart viltforvaltar Ingmar Slettemark kontakta av politiet, etter at ein bilførar hadde køyrt på ei stokkand som skulle kryssa E16 på Evanger. Det gjekk gale med stokkanda, og i vegkanten sto ti andungar, klekka ut for berre eit døgn sidan. 
– Dei var ikkje så lette å sjå, men eg høyrde pip frå dei og då fann eg dei, seier Ingmar. Dei små endene ville ikkje overlevd meir enn toppen eit døgn utan hjelp, og viltforvaltaren tok dei med seg i bilen for å ta vare på dei og gje dei ein sjanse til å leva. 

På teknisk avdeling var det lett å finna fôrvert, og berre timar etter hendinga er dei ti andungane trygge og varme og har alle moglegheiter for å veksa og gjera seg klare for eit liv i det fri.
– Mattilsynet er orientert, og har fått melding om at endene vert haldne i fangenskap til dei har fått fjørdrakt og kan klara seg sjølve. Då er dei fri til å reisa dit dei vil, seier Ingmar. 

Han seier bilføraren som var uheldig gjorde det rette, og kontakta politiet om hendinga slik at dei kunne kalla ut viltforvaltaren. 

– Det er triveleg å kunne reisa ut for å redda dyr også. Vanlegvis må eg rykka ut for å avliva dyr som er skadd, seier Ingmar. 

Så takka vera at den uheldig bilføraren meldte frå, at viltforvaltaren klarte å finna dei ti andungane attmed europavegen og at det var mogleg å rekruttera fôrvert på timen på teknisk avdeling, ligg mykje til rette for at desse ti små andungane kan veksa opp til eit liv i det fri. 

Millionar i spelemidlar

Anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Voss herad er tildelt 16,5 millionar i spelemidlar. 
Hovudutval for  kultur, idrett og inkludering fordelte i møte 20. mai spelemidlar til anlegg i Vestland fylke. Voss herad er tildelt 9 millionar til sine anlegg, medan lag og organisasjonar i Voss herad er tildelt 8,5 millionar. Totalinvesteringane i anlegga som vart tildelt midlar er på over 73 millionar kroner. Tildelinga er den største nokon gong i Voss herad, og ventetida på å få utbetalt midlar er dei seinare åra redusert med over to år.  

Borna si kunstutstilling – Voss når eg vert vaksen

I samband med revisjon av kommuneplanen har skuleborn i Voss herad vore invitert til å dela draumane sine for framtidsbygda Voss.

Kva drøymer ungane på Voss om? Korleis ser heimstaden deira ut i framtida – i år 2050? Eller kanskje 2120? Skuleborna i Voss herad har fått sleppa fantasien fri og visar no fram si eiga framtidsbygd. Med teikning, måling og anna kreative uttrykk har dei skildra korleis Voss kan sjå ut i ei heilt anna tid, når dei sjølve har vortne vaksne.

Alt ungane har laga vert no synt fram i eiga utstilling på kulturhuset frå 28. mai til 17. juni.
Her kan du ta med deg familie, vener og naboar – og få eit heilt unikt blikk inn i borna sine tankar om framtida.

Midlar til praktisk naturrestarering

Voss herad har fått 200.000 kroner frå Statsforvaltaren til eit prosjekt som heiter «Redningsaksjon stadeigen natur». Oppdraget med å koordinera dette er gått til Naturverkstaden AS, og det er mogleg for lag og organisasjonar som vil bidra i dugnadsarbeidet med kjempespringfrø og hagelupin og søkja tilskotsmidlar. Målet med prosjektet er å ta opp, og vinna, kampen mot framande artar som trugar naturmangfaldet. Les meir her: Praktisk naturrestaurering

Sommaraktivitetar for godt vaksne

Godt vaksen og ingen store planar for sommaren? Redd det kan verta litt keisamt? Ingen grunn til uro, legg planane i helga. Klikk deg inn her og sjå alt du kan vera med på: Sommaraktivitetar