For ei veke sidan var rapporten som PwC har utarbeidd gjort offentleg. Denne rapporten synleggjer store innsparingar og har også ulike alternativ til overordna administrativ organisering.
Sidan rapporten vart lagt fram har det denne veka vore møte mellom ulike leiargrupper, hovudtillitsvalde og hovudverneombod for enkle konsekvensvurderingar. Torsdag samla rådmannen alle leiarane til halvdagssamling med tema omstilling og i dag fredag er det hovudtillitsvald-møte med rådmannen.
Det som no skal skje vidare er at rådmannen skal jobba vidare med dei ulike tiltaka som er skisserte i rapporten, og velja ut kva tiltak ein vel å gå vidare med og kva tiltak ein legg til sides. Konklusjonen til rådmannen på tiltak som skal til politisk handsaming vert offentlege når papira til møtebolken i juni vert sendt ut, det skjer fredag 29. mai.
Samstundes jobbar rådmannen med overordna administrativ organisering, også dette arbeidet skal vera ferdig konkludert i mai.
Rapporten finn du her: Heilskapleg organisasjonsgjennomgang (PDF, 3 MB)
Det vert oppmoda om å nytta tillitsvalde for å gje innspel på det vidare arbeidet.
Vossadagane
Mange deltok på Vossadagane. Dei som står bak denne flotte konferansen ynskjer heile vegen å verta endå betre, og ber om at dei som deltok tek tre minutt av tida si til å fylla ut ei undersøking. Lenke til undersøking
Ny samhandlingsmodell
Voss er eitt av 14 nasjonale prosjekt i Helsereformsatsinga til regjeringa. Prosjektet er ein ny modell som skal gje betre samanheng og samhandling i helse- og omsorgstenestene mellom kommunar og sjukehus. Regjeringa har valt å kalla dette Prosjekt X.
Dei som er med i prosjektet i vårt område er kommunane i Voss lokalsjukehusområdet, altså Vaksdal, Eidfjord, Kvam, Ulvik og Voss, saman med Voss DPD NKS Bjørkeli og Helse Bergen/Voss sjukehusn.
Målet er å utvikla ein ny og betre samhandlingsmodell mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, som skal gjera det mest mogelg saumlaust for paisentane og brukarane. Arbeidet har eit særleg fokus på føde- og barseltilbodet og eldre som er skrøpelege. Les meir om prosjektet her: Ny samhandlingsmodell i Voss lokalsjukehusområde
Sesongbooking i kommunale bygg
Innan 15. mai må du søkja om å booka rom i kommunale og fylkeskommunael bygg, gymsalar og idrettsanlegg. Voss herad nyttar eit digitalt system som heiter BookUp, og som brukar må du nytta dette om du skal tinga fast treningstid. Fristen for å søkja for neste skuleår er altså 15. mai. Les meir om BookUp
Årsmeldinga er lagt fram
Lurar du på kva alle kollegaene dine gjorde på i fjor, eller kva du sjølv gjorde på? Les årsmeldinga og bli klokare. Det er ikkje sikkert du finn deg sjølv i årsmeldinga, men det du får er ein skildirng av økonomi, arbeid og resultat i Voss herad i 2025. Les meir her i denne saka om årsmeldinga og årsrekneskapen.
Ny kulturpris
Kunstverket som går til mottakarane av heraset sin kulturpris skal verta fornya. Voss herad inviterer derfor kunstnarar og kunsthandtverkarar til å koma med framlegg om ny kulturpris. Fristen for å senda inn framlegg er sett til 15. juni. Les meir om den nye kulturprisen.