Nyheitsbrev 28. oktober

Nytt nyheitsbrev i dag, kanskje litt langt, men kanskje desto meir interessant? Dette er stikkorda: budsjett, medarbeidarsamtale, evaluering av oppvekst, lønsforhandlingar, leiarsamling og eigenberedskap.

Lønsforhandlingane

Årets lokale lønsforhandlingar er ferdige. Det har vore forhandla for om lag 140 tilsette og med 16 ulike arbeidstakarorganisasjonar. Dei tilsette dette gjeld vil få brev om resultatet og ny løn utbetalt i november. Den nye lønna gjeld frå 1.5.

Leiarsamling

Leiargruppa til rådmannen, og leiargruppene i nivået under skal måndag samlast for å læra meir om korleis me kan samhandla betre, både med kvarandre og på tvers av avdelingane. Leiarane skal mellom anna jobba med desse punkta:

  • Kva utfordringar er det me har som krev samhandling utover vår gruppe?
  • Kven er dei viktigaste gruppene som de er avhengige av for å lukkast med eigne oppgåver?
  • Kven i Voss herad trur de er avhengige av dykk for å lukkast med sine oppgåver?

Eigenberedskap

Neste veke er det eigenberedskapsveka, i regi av Direktoratet for beredskap og samfunnssikkerhet. Målet med denne veka er å gjera alle i Noreg best mogleg i stand til å klara seg heime dersom det skulle oppstå ei eller anna krise.

Det handlar til dømes om at straumen vert borte, at vatnet vert borte eller at ein må halda seg inne heime over lengre periodar. Poenget til direktoratet er å auke forståinga for kva du må ha heime for å klara deg i tre dagar utan ekstra forsyningar. Voss herad kjem til å publisera fleire artiklar om dette temaet utover i veka, så fylg med og ver budd.

Evaluering av oppvekst

I fjor haust vart det sett i gang ei evaluering av kommunalavdeling oppvekst. Det er kome inn mange gode innspel frå både leiarar, tilsette og tillitsvalde. Dei fyrste funna i kartlegginga er no presentert, klikke deg inn her for å lesa meir om dette: Milepæl nådd i evalueringa av oppvekstavdelinga

Budsjett 

Rådmannen har no lagt fram sitt framlegg til årsbudsjett for 2023 og økonomiplan for 2023-2026. Det er alltid mange faktorar som påverkar rammene til kommunen. Me er i ein situasjon med høg løns- og prisvekst, aukande rente, ekstraordinære inntekter frå kraftproduksjon i kommunen, reduksjon i inntekter frå staten for å dempa oppheting av samfunnsøkonomien, busetjing av mange flyktningar, vanskar med rekruttering, noko folkevekst og fleire store planar som skal realiserast dei neste åra. Vossaklima 2030, Voss i vekst, strategisk næringsplan, Tidleg innsats og livsmeistring, kulturplan og vidare arbeid med samfunnsdelen er nokre store planar og satsingar for kommunen.

Driftsinntektene er på om lag 1,7 mrd.kr i 2023. Desse kjem i hovudsak som tilskot frå stat, skatt frå innbyggjarar, tilskot til spesifikke tenester og brukarbetaling. Desse inntektene vert fordelt til dei ulike tenesteområda og sentrale utgiftspostar som renteutgifter og avdrag på lån. I tillegg har kommunen eit stort investeringsbudsjett. I 2023 er det planlagd over 300 mill.kr (inkl.mva) i investeringar. Av dei største prosjekta er ferdigstilling av ny idrettsfløy til ungdomsskulen, barnehage i Granvin, ny brannstasjon, vatn og avlaup i Myrkdalen og investeringar for å bevara verdien i dei mange føremålsbygga me har.

Sjølv om det mykje som svingar i økonomien for tida, så er det mykje som er stabilt og føreseieleg, både av ressursbehov og inntekter. Difor er budsjetta for tenesteområda ganske like som tidlegare planar, men justert for løns- og prisvekst og nokre nye behov. Mange kommunar har store utfordringar med å få budsjetta i balanse og må gjera inngripande tiltak for å handtera auka rentenivå, løns- og prisvekst, høge straumutgifter og aukande demografikostnader. Desse faktorane slår også inn for Voss, men me er så heldige at me også får ein del inntektsvekst frå kraftproduksjon i kommunen vår som er med å dekka denne utgiftsauken.

Det kan vera fristande å bruka det handlingsrommet som inntektene gir oss, men me veit at det kjem endå trongare tider. Rådmannen legg difor fram eit relativt stramt budsjett utan store endringar i den ordinære drifta, men også eit budsjett med svært gode verdiar på dei finansielle måltala med auka avsetting av midlar til disposisjonsfond. Grunnen til dette, er at kommunen har ansvar for å styra kommunen slik at handlingsevne vert halde ved like over tid, og at me har handlingsrom til å møta utfordringar som kjem i framtida. Ein annan grunn til nøktern budsjettering er at det er usikkert kva kommunen får behalde av inntekter frå konsesjonskraft i framtida.

Kva betyr budsjettet for dykk?

For dei fleste tenesteområda er rammene ganske like som tidlegare plan, men budsjettet er auka for å dekka løns- og prisvekst. I tillegg er det styrka budsjett på nokre område som straumutgifter, utgifter med tenester til flyktningar frå Ukraina, drift av kommunalt kjøkken, psykisk helse til born og unge, digitalisering, styrking fastlegeteneste, drift av butilbod for einslege mindreårige og husleige på Knutepunktet. Informasjon om endringar finn du under dei ulike tenesteområda og «driftsbudsjett med endringar».

Som innbyggjar skal ikkje framlagde budsjett føra til at du opplever vesentlege endringar i tenestetilbod. Dei fleste område har mål om å styrka kvaliteten, så i løpet av planperioden vil det bli jobba med kvalitetsheving. For dei tenestene kommunen har brukarbetaling så vert pris justert noko opp, og i varierande grad ut i frå korleis kostnadsvekst er innafor området. Satsen for eigedomsskatt er uendra, men nokon vil oppleva at beløpet på faktura aukar på grunn av at verdien på bustaden har auka.

Her finn du årsbudsjett for 2023 og økonomiplan for 2023-2026: https://pub.framsikt.net/2023/voss/bm-2023-årsbudsjett_2023_og_økonomiplan_2023-2026/

Medarbeidarsamtale

Eit nytt opplegg for medarbeidarsamtalen har vore ute på høyring til alle leiarar, arbeidstakarorganisasjonar og vernetenesta. Den nye medarbeidarsamtalen vil verta tatt i bruk seinhaustes. Medarbeidarsamtalen er ein dialog mellom medarbeidaren og den nærmaste leiaren, der begge har høve til å diskutera forhold ved arbeidsplassen, i tillegg til mål og utviklingsmoglegheiter for den tilsette. Medarbeidarsamtalar gjennomførast ein gong i året. Dialogen er konfidensiell og føremålet er å ta vare på både den tilsette og verksemda sine interesser i tilsetjingsforholdet. Samtalen inneheld spørsmål knytt til 10-faktor (medarbeidarundersøkinga som me brukar).