Det er administrasjonen i kommunalavdeling Oppvekst som behandlar og fattar vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Når administrasjonen mottek søknaden vert den oversendt PPT for utarbeiding av sakkunnig vurdering, jf. Lov om barnehager § 34. PPT treng til vanleg to månader til arbeid med ei sakkunnig vurdering. Når PPT har utarbeidd den sakkunnige vurderinga vert den oversendt kommunalavdeling Oppvekst, med kopi til føresette og barnehage, eventuelt vaksenopplæring og logopedi. Kommunalavdeling Oppvekst vil då gjera vedtak i saka.
Avgjerda er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova og føresette har klagerett. Dersom klagen ikkje vert tatt til følgjer av Voss Herad, vert den vidaresendt Fylkesmannen i Vestland for endeleg avgjerd, jf. Lov om barnehager § 12.