Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne 2025

I aktivitetskalendaren for godt vaksne finn du ei oversikt over ulike aktivitetstilbod og møteplassar for seniorar. 

Me vonar du oppdagar tilbod som passar for deg, og at du vert inspirert og motivert til å bli med!

Kalendaren kan du henta i innbyggjarservice på Tinghuset, eller du kan finna den digitalt her:

Oversikt over aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne (PDF, 2 MB) 

 

Aktivitetane er drivne av frivillige og ideelle organisasjonar, kyrkja, kommunen eller private aktørar. Med atterhald om at tilbod, tidspunkt og kontaktperson kan verta endra.

Kommunale aktivitetstilbod

Førebyggjande heimebesøk 80+

Oasen aktivitetssenter

Gruppetrening

friskus.com kan du finna varierte aktivitetar som passar for deg!

Bli frivillig!

Det å vera frivillig er ein flott aktivitet som gjev både meining og glede! Fleire organisasjonar ynskjer seg og treng fleire frivillige. Meir informasjon om kva det inneberer å vera frivillig, får du ved å kontakte laga og organisasjonane direkte.

 

Voss Frivilligsentral ynskjer seg frivillige til besøksvenordninga, og til å hjelpa til i dei ulike aktivitetane dei driv. tlf. 56 51 03 70

 

 

 

 Voss Røde Kors Omsorg har behov for fleire frivillige til mellom anna besøkstenesta, leksehjelp, norsktrening, flyktningguide og Barnas Røde Kors. Her kan ein velja seg ein aktivitet! Å bidra som frivillig er sosialt og kjekt, du møter kjekke deltakarar og andre frivillige, samtidig som du gjer ein innsats for samfunnet. Ein gong i månaden vert alle frivillige invitert til felles sosialt samvær med fagleg påfyll, underhaldning og mat. Interessert? Ta kontakt med aktivitetskoordinator: Marit Nedkvitne på telefon 900 55 083, eller e-post marit.nedkvitne@redcross.no 

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33