Hagahaugen rehabilitering

KORT FORTALT

Eit kommunalt rehabiliteringstilbod til deg som har behov for å auka funksjons- og meistringsevna di slik at du kan vera aktiv i daglegliv, arbeidsliv og samfunnsliv.

Opphaldet tek utgangspunkt i din situasjon og føresetnader. Me hjelper deg med å utarbeida ein plan og mål for opphaldet ditt. 

Ut i frå dine mål, rettleiar me deg i rehabiliteringsprosessen din. For at du skal nå måla du set deg, er det viktig med eigeninnsats, aktiv deltaking og motivasjon.

Kven kan søkja?

Du som har behov for tverrfagleg rehabilitering på døgnavdeling for å kunna meistra kvardagen din i eigen heim.

  • du som er medisinsk avklara og ferdig behandla frå fastlege eller sjukehus og treng rehabilitering etter akutt sjukdom eller operasjon 
  • du som bur heime og har hatt eit fall i funksjonsnivå over tid  
  • du som har behov for intensiv trening med tverrfagleg oppfølging ein periode 
  • du som ynskjer å trena deg opp og er motivert for rehabilitering 

Søk helse- og omsorgstenester 

Kontakt

Hagahaugen rehabilitering
Telefon 56 52 25 00

Hagahaugvegen 30
5705 Voss