Støtte ved demens og hukommelsesvanskar

Har du eller nokon du kjenner utfordringar med hukommelse? Du kan få støtte og rettleiing frå Hukommelsesteamet – utan krav om søknad eller legeerklæring. Tilbodet er gratis.

Kva hjelp kan du få?

Hukommelsesteamet kan hjelpa deg med:

  • Kartlegging av hukommelsesvanskar – som regel heime hjå den det gjeld
  • Samarbeid med fastlege ved behov for enkel demensutgreiing (det er legen som stiller diagnose)
  • Oppfølging etter diagnose – støtte og rettleiing til både personar med demens og pårørande

Gruppetilbod og kurs 2025

Gruppetilbod og kurs 2025
Tilbod/Kurs For kven? Når?
Pårørandeskule Pårørande Kvar haust
Samtalegruppe Personar som har demens Ta kontakt for informasjon
Andre gruppetilbod Personar som har demens Ta kontakt for informasjon
Samtalegruppe Pårørande Ta konakt for informasjon

Kven kan få hjelp?

  • Personar som har fått eller mistenker demens
  • Pårørande

Slik får du hjelp

Du kan ta direkte kontakt med Hukommelsesteamet:

Telefontid
Måndag - fredag: kl. 09.00-14.00
Onsdag: kl. 16.00-20.00

Adresse
Hagahaugvegen 30

Kva er Hukommelsesteamet?

Teamet består av:

  • Demenskoordinator
  • Ergoterapeut
  • Sjukepleiar

Alle har lang erfaring innan demensomsorg. Dei brukar nasjonale retningslinjer og faglege verktøy for å sikre god kvalitet i oppfølginga av personar med demens og pårørande.

Samarbeidspartnarar:

  • Fastlegar og tilsynslegar på sjukeheimar
  • Spesialisthelsetenesta
  • Heimetenestene
  • Dagtilbod for personar med demens
  • NAV Hjelpemiddelsentral
  • Voss Frivilligssentral og andre frivillige organisasjonar
  • Voss demensforeining