Heimehjelp - Praktisk bistand

Praktisk bistand er for deg som treng hjelp i kvardagen på grunn av alder, sjukdom eller funksjonsnedsetting.

Kva hjelp kan du få?

Heimehjelpa kan hjelpe deg med:

  • Reingjering
  • Klesvask
  • Byte av sengetøy
  • Rettleiing og opplæring slik at du klarar deg best mogleg sjølv

Du skal gjere det du klarar sjølv. Til dømes: Kan du tørke støv med hjelpemiddel, får du ikkje hjelp til det.

Dette gjer ikkje heimehjelpa

Heimehjelpa utfører ikkje:

  • Stryking av klede, baking, klargjering til høgtider
  • Reingjering over skulderhøgd eller i rom som ikkje er i bruk og storreingjering, bosslevering
  • Hagearbeid
  • Rydding og oppvask etter friske gjester eller pårørande
  • Hjelp med kjæledyr
  • Flytting av møblar
  • Bruk eller handtering av bankkort og kontantar

Merk: Nokre av desse oppgåvene kan avtalast i særskilde tilfelle, dersom brukaren bur åleine og ikkje har pårørande i nærleiken.

Kva må du sjølv gjera?

For at tenesta skal fungere godt, må du:

  • Lese vedtaket – Sjå kva du har fått innvilga
  • Vere heime når heimehjelpa kjem – Gje beskjed seinast dagen før om du ikkje kan
  • Hugs at heimen din er ein arbeidsplass – Bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • Ha nødvendig utstyr – Vanleg reingjeringsutstyr må vere tilgjengeleg
  • Gje beskjed ved endringar – Seinast ei veke før, eller så raskt som mogleg ved akutte situasjonar
  • Tilpasse bustaden – Slik at heimehjelpa kan jobbe trygt og effektivt
  • Unngå besøk under reingjering – Reingjering blir normalt ikkje utført då

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet om heimehjelp er for deg som:

  • Har nedsett funksjonsevne og treng hjelp til daglege gjeremål
  • Er heilt eller delvis avhengig av hjelp frå andre
  • Er over 18 år og bur i eigen bustad

Slik vurderer me søknaden din

Når du søkjer om heimehjelp, vurderer kommunen:

  • Behovet ditt for hjelp – Kor mykje du klarar sjølv, og kva du treng hjelp til
  • Korleis du bur – Om du bur åleine eller saman med andre, og om dei du bur med kan hjelpe deg
  • Besøk i heimen – Dersom du har besøk over lengre tid som kan hjelpe deg, kan det påverke vedtaket
  • Tilrettelegging – Om bustaden din kan tilpassast slik at du kan klare meir sjølv
  • Reinhald – Dersom bustaden er svært skitten, må den vaskast før kommunen kan starte med hjelp. Kommunen kan hjelpe deg med å bestille vask frå private firma om du ønskjer det

Heimehjelp er ei behovsprøvd teneste. Det betyr at du må ha eit reelt behov for hjelp, og at vedtaket gjeld for ein avgrensa periode.

Pris

Du finn informasjon om prisar her: Kommunale prisar

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer her:

Søk helse- og omsorgstenester

Kontakt

Heimetenesta

Område Vest

Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Telefon: 952 62 008

Område Aust

Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49, 5705 Voss
Telefon: 952 62 077
Heimehjelp: 992 07 182

Område Nord

Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand
Telefon: 952 62 078

Område Sør

Granvin sjukeheim
Eidesvegen 24, 5736 Granvin
Telefon: 404 03 876

Nattevakt

Telefon: 962 62 008