Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er for deg som bur heime og treng helsehjelp eller støtte i kvardagen på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting. Målet er at du skal klare deg best mogleg sjølv og kunne bu heime så lenge som mogleg.

Kva hjelp kan du få?

Heimesjukepleia kan hjelpa deg med:

  • sårstell
  • personleg hygiene og stell
  • hjelp til å ta medisinar
  • rettleiing og opplæring i å meistre kvardagen

Me vurderer saman med deg kva hjelp du treng. Tenesta vert tilpassa dine behov og kan vare i kort eller lang tid.

Kven passar tilbodet for?

Heimesjukepleie er for deg som:

  • Har ein akutt eller kronisk helsetilstand og treng hjelp til grunnleggjande helse- og omsorgsbehov
  • Ikkje klarar å oppsøkje helsehjelp sjølv på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting
  • Har behov for førebyggjande tiltak, rehabilitering, målretta trening, råd og rettleiing
  • Treng pleie og støtte i ulike fasar av livet
  • Har kognitiv svikt og derfor har vanskar med å formidle eller forstå eigne behov knytt til eigenomsorg og helse
  • Er over 18 år og bur heime

Slik vurderer me søknaden din

Når du søkjer om heimesjukepleie, vurderer me:

  • Behovet ditt for helsehjelp – Me ser på kva du klarar sjølv, og kva du treng hjelp til
  • Medisinhandtering – Hovudregelen er at du tek hand om medisinane dine sjølv. Dersom du brukar multidose direkte frå apoteket, får du ikkje hjelp til å administrere medisinar. Me kan hjelpe med:
    • Bestilling av reseptar frå lege
    • Kontakt med apotek
    • Administrering av enkeltdoser, gjerne via elektronisk medisindispensar
  • Sårbehandling og medisinske tiltak – Sår skal vanlegvis følgjast opp av lege. Me gjev sårstell heime berre dersom du ikkje kan møte på legekontor. Det same gjeld prøvetaking, undersøkingar og injeksjonar.
  • Observasjon – Måling av blodtrykk, puls og liknande blir gjort ved behov for observasjon. Dette skal vere fagleg grunngjeve og tidsavgrensa.
  • Digital heimeoppfølging – Me brukar velferdsteknologi der det er mogleg, som alternativ til fysisk oppmøte.
  • Omsorg ved livets slutt – Me vil så langt det let seg gjere imøtekomme ønskje om å få døy i eigen heim.

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer her:

Søk helse- og omsorgstenester

Lover og forskrifter

Heimesjukepleie er regulert av:

  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a – Rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen
  • Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1 og § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a – Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester

 

Kontakt

Heimetenesta

Område Vest

Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Telefon: 952 62 008

Område Aust

Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49, 5705 Voss
Telefon: 952 62 077
Heimehjelp: 992 07 182

Område Nord

Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand
Telefon: 952 62 078

Område Sør

Granvin sjukeheim
Eidesvegen 24, 5736 Granvin
Telefon: 404 03 876

Nattevakt

Telefon: 962 62 008