Er du uroa for eit barn?

Om du har grunn til å tru at eit barn/ungdom er utsett for vald eller overgrep, har du plikt til å sei frå.

Ta kontakt med hjelpeapparatet:

Helsesjukepleiar 56 53 30 40
Krisesenteret 55 31 50 50
Konsultasjonsteamet

Er det akutt: kontakt politi 112/02800 eller barnevern 56 52 13 10 umiddelbart.

 

Barn og unge som opplever vald og overgrep held det for seg sjølv og viser ofte lite til dei rundt seg. Årsaka kan vere at det er tabu og flaut, dei kjenner seg makteslause eller dei kan verta trua til å teia.

Eit av ti barn og unge har vore utsett for vald og overgrep. Det kan verta opplevd som vanskeleg å prata med barn og unge om vald og overgrep. På nettsida Jeg vil vite finn både vaksne og barn kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, korleis du kan prata med barn og unge om det og kven du kontakta for å få hjelp. Du finn også råd i handlingrettleiarar (PDF, 923 kB) utarbeidd av Voss herad.

Bekymringsmelding til barnevernet

Om du er bekymra for eit barn eller ungdom kan du melda frå til barnevernstenesta i Voss herad. Du kan melda anonymt og barnevernet har plikt til å undersøka saka. 

Informasjon om bekymringsmelding finn du her og du kan søka råd hjå barnevernet.

Samtale, råd og rettleiing

Du kan ta kontakt med helsesjukepleiar, førebyggande tenester, krisesenteret eller andre i hjelpeapparatet for råd og rettleiing. Du kan og hjelpe barnet eller ungdommen til sjølv å ta kontakt med hjelpeapparatet.

Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss herad.