Aktivitetslos

Aktivitetslos er ei teneste med mål om å få fleire born og unge i Voss herad inn i organisert fritidsaktivitet. Aktivitetslosen skal arbeida i maksimalt tre månader, og bidra til å gjera barnet i stand til å delta på aktiviteten utan støtte. Tenesta er finansiert av Bufdir.

Føremål

Aktivitetslos-ordninga har som føremål å gje fleire born og unge høve til å delta i organisert fritidsaktivitet.

Målgruppe

Hovudmålgruppa er born frå 2. til 7. klasse, men søknader for ungdomskuleelevar vil også bli vurdert. Tenesta er for personar som har potensiale til å delta sjølvstendig i aktiviteten etter tre månadar.

Kven kan søkja?

Familiar som står i ein sårbar situasjon som gjer at ein for tida ikkje har kapasitet til å følga og støtta barnet inn i ein aktivitet. Dette kan til dømes åleineforeldre med fleire born, familiar som har fleire born med særskilte behov, foreldre med utfordringar knytt til helse, psykiatri eller rus, eller minoritetsfamiliar med manglande norsk- og lokalkunnskaper.

Korleis søkja om støtte?

Føresette eller andre som vil søkja på vegner av barnet kan ta kontakt med ein av desse instansane for tilgang til digitalt søknadsskjema: Helsestasjon, PPT, BUP, Barneverntenesta, Røde Kors, kommunepsykologane og Integreringstenesta. Søknad skal alltid fyllast ut i samråd med den instansen som gjev tilgang på skjema. 

Spørsmål kan også rettast til Støttekontakttenesta på telefon 918 74 219.

Søknadshandsaming

Søknaden vert handsama av Støttekontakttenesta. Det er ingen søknadsfrist. Søknader vert handsama fortløpande, og ein kan venta svar seinast innan fire veker.