Vellukka jordkarbonkonferanse gjennomført

Jordkarbonkonferansen 23.11 2023 var det siste store arrangementet i det 5 årige prosjektet “karbonfangst og andre klimavennlege tiltak i vestlandsjordbruket ” . Konferansen hadde undertittelen “Eit berekraftig Vestlandsjordbruk byggjer på lokale ressursar”.  Konferansen fekk mange gode tilbakemeldingar og innspel til vidare arbeid.  Innlegga frå konferansen finn du i teksten under. 

Ordførar Tonje Såkvitne (Sp) opna konferansen og helsa velkommen. Ho gav honnør til bønder og landbruksnæringa som tar tak i ein så avgjerande viktig sak for vidare utvikling av landbruket mot eit meir framtidsretta og klimatilpassa næring og ser fram til det vidare arbeidet med temaet.

 

Tonje Såkvitne la vekt på kor viktig landbruket er for Voss og at det er viktig å heile tida jobbe aktivt med utfordringar knytt til næringa.

 

 

 

Arnfinn Gjerdåker har vore ein sterkt pådrivar for å få igang eit Jordprosjektet. Gjerdåker har representert Bonde og småbrukarlaget i arbeidet og han fortalde om utgangspunktet for prosjektet . Gjerdåker overrakte Anne Sverdrups Tygesen sin nye bok om naturmangfald i skog til ordførar, med oppfordring om aktiv lesing!

Arnfinn Gjerdåker overrekker bok om naturmangfald til ordførerar i Voss

 

 

 

 

 

 

 

Biolog Helene Sandsten held innlegg med stor vekt på fotosyntesen

Vestlandsbonden kan produsere mat – og samstundes ta vare på natur og klima!

Klimaforskar og biolog frå kystlyngheisenteret Siri Vatsø Haugum, vart erstatta av Helene Sandsten på kort varsel. Du kan lese hennes innlegg her (PDF, 2 MB).   - Å ta vare på naturmangfaldet, bremse klimaendringane og samstundes produsere mat er ei krevjande, men ikkje umogeleg, oppgåve. Vestlandsbonden spelar ei viktig rolle er omtalen. Helene la stor vekt på fotosyntesen og korleis me skal forstå denne i den store samanhengen.

 

 

Kva er det med jord og jordhelse som er så viktig?

Lena Abel frå NLR held innlegget Jord og jordhelse, kvifor er det så viktig (PDF, 5 MB)? Ei levande jord er ei jord som er meir robust og som held betre på vatn ved turke og og drenerer betre ved  mykje nedbør.   Levande jord er eit klimatilpassingstiltak og ei føresetnad for god nytting av lokale ressursar i produksjonen. 

Praktisk gjennomføring i jordkarbonprosjektet 

Konferansen var ei markering av at prosjektet karbonfangst og andre klimatiltak for vestlandsjordbruket no er under avslutning. Hovudmål har vore å sette fokus på jordhelse med vekt på biologiske forhold i jorda, forhold mellom sopp, bakteriar og andre jordlevande organsimar og korleis ein best kan få ei ynskjeleg samansetning, og samtidig ivareta og auke innhald av jordkarbon. Dette har vore undersøkt både med feltforsøk, storskala forsøkt der einskilde gardsbruk har vore med og prøvd ut metodar, gjødsling, ulike frøblandingar, og direkte innsåing av kløver m.a.  Det er også avhalde kurs i regenerativt landbruk og kompostering på gardsnivå. Diverre sette koronaepidemien stopp for fagtur og for fysiske samlingar ein periode, noko som gjorde formidling noko vanskelegare.  

Gunnlaug Røthe har vore prosjektleiar og du kan lese hennes oppsummering her (PDF, 5 MB).

Landbruksrådgjevar i NLR Gunnlaug Røthe har vore leiar for prosjektet og stått for den praktiske gjennomføringa. Ho har bakgrunn som rådgjevar og forskar med NIBIO i Nord-Noreg (1981-2009) og rådgjevar i NLR på Vestlandet (frå 2009). Sidan 2013 også mjølkebonde på Voss.

Prosjektet har vore for kortvarig til at det kan lagast nokre bastante konklusjonar. Kort oppsummert har prosjektet stadfesta at økologisk drifta jord inneheld meir sopp som er viktig for lagring av karbon i jord, enn kva konvensjonelt landbruk gjer. Tilføring av husdyrgjødsel er viktig for jordlivet og kompost er viktig for å få fram det ønska jordlivet.  Prosjektet har lagt vekt på formidling og auka kompetanse omkring temaet både i næringa og i vegleiingstenesten. 

 

 

Olav Rio Holstad er ansvarleg for gardsdrifta på Voss vgs (tidlegare jordbruksskule) og driv eigen gard i tillegg.Torunn Hønsi frå Vestlandsforsking tok for seg biokol i grovfordyrkinga.

 

 

Utnytting og fordeling av næringsstoff på gardsnivå v/ Olav Rio Holstad, ansvarleg for gardsdrifta på Voss vgs. tok for seg den praktiske tilnærminga på gardsnivå. Han la vekt på god nytting av dei ressursane ein rår over; betre kontroll på spreiing av gjødsel og avlingsnivå, auka bruk av belgvekstar og utviding av kva som vert dyrka. Innlegget finn du her (PDF, 2 MB)

 

 

Er biokol noko for vestlandet?

Kva er biokol og kan det nyttast i grovforproduksjon? v/ Torunn Hønsi, Vestlandsforskinga tok for seg den grunnleggande forskringa som er dokumentert i litteraturen. Biokol kan vere mange ting avhengig av opprinnelsen for kolet og kan vere stabilt i jordsmonnet i mange år.  Det har positiv effekt på vatnmagasinering, klimatilpassing og jordforbetring. Førebels ikkje så godt utforska i karbonrik, moldrik jord. I ein sirkulærtankegang kan organisk materiale i form av biokol vere ein viktig ressurs. Presentasjonen hennes finn du her (PDF, 5 MB)

 

Professor Line Tau Strand held innlegg om forskingsarbeid på karbon i jord på NMBU

Karbonlagring i jord; kva seier forskinga

v/ professor Line Tau Strand NMBU

Strand er professor og pedolog og har fokus på jordmorfologi og korleis jordsmonn sine eigenskapar vert endra med vegetasjon og landskap. Forskar m.a. på karbonbinding; påføring av aske og biokull; arealbruksendring, skogplanting og beitebruk. Deltar i eit større forskingsprosjekt for lagring av karbon i jord.

Du kan sjå innlegget hennes her (PDF, 5 MB)

 

 

 

Utmarksbeite; type og potensiale i et berekraftig landbrukssytem 

v/ Yngve Rekdal NIBIO

Med undertittelen “eit berekraftig landbruk bygger på lokale ressursar”, er det ikkje mogleg å unngå å snakke om utmarksressursar.  Yngve Rekdal, pensjonert forskar ved NIBIO er den som veit aller mest om utmarksbeite og bruken av denne i Norge.

Innlegget hans finn du her (PDF, 4 MB)

 

 

 

 

Når det regner i Brasil ... Korleis påverkar den nye forma for grenseoverskridande klimarisiko vestlandsjordbruket. 

v/ berekraftsprofessor Carlo Aall, Vestlandsforsking.

Aall teikna opp eit større bilde, der eit matsystem som er basert på import også “importerer” klimarisiko og svekker den lokale og nasjonale matvareberedskapen.  I utgangspunktet er Noreg mindre utsett for dei verste effektane av klimaendringar, men vår avhengighet av import hvete, soya, ris og mais gjer vår matvaresikkerheit sårbar. Aall si oppsummering er at matproduksjon er utsett for ein trippel klimarisiko og at det lett kan oppstå konflikt mellom dei ulike tiltaka me gjer for å sikre oss. Han konkluderte med at me treng ei berekraftig  klimatilpasning som inneber heilt  grunnleggande: 

Konferansen vart avslutta med panledebatt. Berekraftsprofessor Carlo Aall leiar samtalen som var med biolog Helene Sandsten, Statsforvaltar v/ landbruksdirektør Christian Rekkedal, fagleiar grovfor NLR, Ragnhild Borchsenius, repr for Vestland bonde og småbrukarlag Leif Grutle og forskar Yngve Rekdal NIBIO

skape armslag  for bonden til å drive god agronomi og husdyrproduksjon, tufta på det lokale  ressursgrunnlaget. Å redusere avhengigheten av importert mat og råvarer til  kraftfôr, og gjøre jordbruket mindre utsatt for klimahendelser hjemme og ute. Å verne arter og landskap, og støtte bygdene. Det handler om å sikre mat på 
bordet».  Noko som fekk god mottaking av møtelyden.

Du finn innlegget her (PDF, 4 MB)

Avslutninga på dagen var i form av paneldebatt/ samtale med breitt samansette deltakarar: Temaet var vegen vidare. Vestlandsjordbruket 2050?  Hovudkonklusjonen er at det vert peika på forbrukaren: forbrukaren si rolle er svært viktig som påverkar og medspelar til eit berekraftig landbruk. 

Landbruksdirektør Rekkedal oppsummerte konferansen med at det viktigste er at me faktisk er i gang og tek tematikken ut på grasrotnivå.

Omlag 100 møtte på konferansen, ei god blanding av praktikarar, rådgjevarar, skuleelevar og byråkratar