Innmelding av elevar til 1.klasse 2024/2025 i Vossaskulen.

13.november 2023 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse hausten 2024. Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved.  Barnet vert plassert på nærskulen ut frå den adressa barnet er registrert på i Folkeregisteret.  Føresette loggar seg inn med ID-porten på kommunen si heimeside i «Portal for oppvekst, skuleinnmelding» og stadfestar skuleplasseringa eller takkar nei.   Meir informasjon om nærskuleprinsippet og skulebyte finn ein på heradet si heimeside.   «Barn og familie – Vossaskulen – skulebyte».  Her ligg også søknadsskjemaet «Overflytting til annan skule i Voss herad».   Føresette får vedtaksbrev automatisk. Velkomen til Vossaskulen