Innmelding av elevar til 1.klasse 2025/2026 i Vossaskulen

I november 2024 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse hausten 2025. 

Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved.  Barnet vert plassert på nærskulen ut frå den adressa barnet er registrert på i Folkeregisteret.  

Føresette loggar seg inn med ID-porten på kommunen si heimeside i Portal for oppvekst, skuleinnmelding og stadfestar skuleplasseringa.   

Meir informasjon om nærskuleprinsippet og skulebyte finn ein på heradet si heimeside: Vossaskulen – skulebyte

Her ligg også søknadsskjemaet søknad om skulebyte.  

Føresette får vedtaksbrev automatisk.

Velkomen til Vossaskulen!