Varsel om oppstart av planarbeid - privat detaljreguleringsplan for Regimentsvegen 225, planid 2024005

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for eigedomane gnr/bnr 48/185, 48/14, 89/29 og 89/60 i Voss herad. Det vert i tillegg varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale jf. plan – og bygningslova §17-4. Og iht. plan- og bygningslova §1-7 varslast det om parallell handsaming av rammesøknad.

HLM arkitektur AS er plankonsulent og skal utarbeida planen på vegne av tiltakshavar Regimentsbygget AS.

Føremålet med planarbeidet er å tilretteleggja for om lag 50 bueiningar i tre nye bygg med felles parkering i underetasje.

Innspel og merknadar til planarbeidet må sendast innan 31. januar 2025 til: 
HLM Arkitektur AS, Stallgata 7, 5700 Voss eller på e-post til: ovsthus@hlm.no 


Meir informasjon finn de i varslingsbrev og vedlegg jf. lenker under:

Oppstartsvarsel for detaljreguleringsplan for Regimentsvegen 225 (PDF, 292 kB)
Vedlegg 1 Planinitiativ (PDF, 2 MB)
Vedlegg 2 Notat frå oppstartsmøte (PDF, 216 kB)
Vedlegg 3 Planavgrensing (PDF, 2 MB)
Vedlegg 4 Situasjonsplan (PDF, 2 MB)
Vedlegg 5 Snitt (PDF, 8 MB) 
Vedlegg 6 Kart (PDF, 8 MB)