Oppstart
Det er ein fordel at du orienterer deg i kommuneplanen sin arealdel med føresegner og retningslinjer før du set i gang med planleggingsprosessen. Du kan ta kontakt for eit rådgjevingsmøte med planavdelinga fyrst.
Formelt oppstartsmøte skal haldast før kunngjering og formell varsling om oppstart av regulering. Det er viktig å oppretta ein tidleg kontakt mellom deg som forslagsstillar og kommunen, det vil leggja grunnlaget for ein god prosess.
Oppstartsmøtet skal gje ein avklaring på aktuelle tema og spørsmål, men kan ikkje avgjera viktige punkt som vert belyst og avklara i den vidare planprosessen fram til endeleg politisk vedtak.
Oppstartsmøte tingar du ved å senda skjema for tinging av oppstartsmøte til heradet. Fylgjande skal leggjast ved skjemaet:
- Planinitiativ i tråd med "Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan og bygningsloven" (FOR-2017-12-08-1950)
- Kart med forslag til planavgrensning og tilkomst fram til offentleg veg
- Framlegg til planavgrensing på SOSI-fil i gjeldande versjon
Skjema for tinging av oppstartsmøte (PDF, 57 kB)
Planinitiativ (PDF, 71 kB)
Normalt vil du bli kalla inn til møte om lag 2 veker etter tinging. Det er ein føresetnad at du sikrar fagkunnig deltaking på oppstartsmøte. På møtet vil Skjema for oppstart (PDF, 214 kB) bli fylt ut og underskrive av begge partar.
Reguleringsplanrettleiaren til Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Prisar
Rettleiing med planavdelinga er kostnadsfritt.
Private reguleringsplanar er gebyrbelagt.
Prisar for plansaker vert vedteke av kommunestyret kvart år.
Gebyrregulativ (PDF, 176 kB)
Lovverk
Plan- og bygningslova
Ein reguleringsplan avklarar arealbruken av eit område og viser korleis arealet kan nyttast og eventuelt byggjast. Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.
Områderegulering skal gje nødvendige overordna områdeavklaringar der heradet ser behov for det. Ein områdeplan kan bli utarbeida av heradet, andre myndingheiter eller private .
Detaljregulering er ein plan for gjennomføring av bygge- og anleggstiltak, fleirbruk og vern. Planen skal fylgje opp kommuneplanen sin arealdel og områderegulering. Private tiltakshavarar, organisasjonar og andre mynde kan fremja forslag til detaljregulering. Planen skal utarbeidast av fagkyndige.