Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Vossevangen vassbehandlingsanlegg

Analyserapport førekomst av mikroplast ved vossevangen vassbehandlingsanlegg

Det er ikkje påvist mikroplast i vatn henta frå Voss si hovudvasskjelde, i analyse utført av Eurofins Environment Testing Norway AS

Mikroplast er små plastpartiklar som vert til når plast vert brutt ned i naturen. Definisjonen på mikroplast er «plastfragment som er mindre enn 5 millimeter».Klikk for stort bilete  Fokus på mikroplast og problem forårsaka av mikroplast har blitt tema den siste tida grunna auka mengder plast i naturen.

 

 

Den 27.04.2020 vart det utført prøvetaking av reinsa vatn henta frå Vossevangen vassbehandlingsanlegg, med hensikt å analysere etter førekomst av mikroplast. Denne prøven vart teken som ein ekstra prøve i tillegg til standardprøvane som Voss herad hentar frå sine vassbehandlingsanlegg med jamne mellomrom i hennhald til drikkevassforskriften. Resultatet av prøven viste at det ikkje er førekomst av mikroplast i drikkevatn frå Vossevangen vassbehandlingsanlegg (sjå tabell under).

Klikk for stort bileteUtsnitt frå analyserapport frå Eurofins.
 

Totalvolumet av prøven er på 2040 milliliter (ml). Eining for potensiell mikroplast i vatnet er mikrogram pr liter (μg/l). Som ein kan sjå av "Sum kvantifiserte polymere" er denne gitt til <3,5 μg/l som er tilsvarande 0 μg/l (eit mikrogram er lik 0,000001 gram)