Nyheitsbrev 11. november

I nyheitsbrevet i dag kan du lesa om flaum, nytt kjøken, orienteringar i leiarmøtet, Ukraina og ny løysing for rekruttering.

Det er flaum på Voss. Fredag vart flaumvarselet oppjustert frå oransje til raudt, og det er svært mykje vatn i vasdraga våre.

Me har sikra kommunale infrastruktur så godt det let seg gjera, og har bedt alle innbyggjarane sikra verdiane dei har, som kan vera utsett for flaum. Det er venta at flaumen vil gje seg laurdag. Fylg gjerne med på nettsidene våre om du vil lesa meir: Flaum på Voss (dette er oppdatert pr. kl 14 fredag 11. november). Delar av kriseleiinga i heradet vart samla fredag, og vil vera i beredskap til flaumen har kuliminert. 

Kjøkenet har opna

Det splitter nye produksjonsskjøkenet til Voss herad vart opna i dag fredag. Det var både toradarspel, tale, kaffi og kake for å feira at kjøkenet er opna.

Det var rådmann Arild M. Steine som opna kjøkenet. I talen sa han mellom anna dette:

"Det var eit sterkt politisk ynskje om at Voss herad skulle ta større kontroll over matproduksjonen. Ei framsynt og entusiastisk politisk arbeidsgruppa stod i starten i bresjen for å få dette til. Arbeidsgruppa var eit bindeledd mellom innbyggjarar, politikarar og administrasjon, sjølv om interessene til alle desse tre gruppene var motstridande."

"Mange har spurt meg kvifor me skal byggja kjøken sjølv når me allereie har er god mat. Helse- og omsorgstenestene er avhengig av at fleire eldre bur og klarar seg sjølv heime lenger, både økonomisk og når det gjeld aldersbereevna i befolkninga. Å oppdaga og følgje opp ernæringsproblem i heimetenesta er enklare og billigare enn å ta tak i dei på eit seinare tidspunkt, fordi det kan bidra til å førebyggja underernæring eller sjukdom som følgje av underernæring, førebyggja ytterlegare funksjonsfall og eventuell innleggja i sjukeheim eller sjukehus. For samfunnet handlar god matomsorg og ernæringspraksis om verdigheit og respekt, og ikkje minst om kostnader."

"Alle kommunar bør ha kjøken- og matfagleg kompetanse i helse- og omsorgstenesta, uavhengig av kvar maten vert produsert. For å sikra god mat og riktig ernæring, er det òg viktig at det vert laga gode rutinar for korleis maten skal tilberedast og serverast. 

Gjennom å byggja eige produksjonskjøken har me sikra oss full kontroll med heile kjeda frå innkjøp av råvarer til konsum. Avstanden frå brukarane, dei som skal eta maten, til dei som lagar maten er kortare. Det vert enklare å tilpassa menyane til lokale og til og med individuelle behov. Me kan i større grad velja å kjøpa lokale råvarer og tilpassa produksjonen til lokale tradisjonar. Det skapar større tilhøyra til maten, meir glede rundt maten, og kjøkenet vil òg på den måten vera ein viktig tradisjonsberar for det lokale.

Produksjonskjøkenet vil òg vera ein viktig læringsarena for unge kokkespirer. Me vil såleis kunna vera ein god arena for å læra opp nye kokkar i å laga mat med vossamat, og på vossavis.

Eg har ein stor draum om at me gjennom å «ta maten heim» klarar å skapa endå meir entusiasme for kor sentralt matomsorg er i helse- og omsorgstenestene våre. Ved tettare kontakt mellom kjøkenet og brukarane klarar me kanskje å byggja opp større matkompetanse i alt som skjer frå maten forlet kjøkenet til den ligg på fatet. Det er svært mange som har bidrege til at me no kan feira oppstart av vårt eige kjøken. Det er svært mange som skal ha æra for dette, og som eig ein liten aksje i suksessen. Eg vil takka kvar og ein for den gode innsatsen. Det er ekstra kjekt å stå her i dag å feira ein ekte lagsiger. Til sist vil eg ynskja heile helse- og omsorgstenesta til lukke med dagen, og ikkje minst lukke til vidare med å skapa gode matopplevingar for alle skal kjem til å få gleda av å få mat frå kjøkenet vårt."

Frå leiarmøtet

I leiarmøtet til rådmannen måndag, vart det orientert om fleire tema som kryssar kvarandre. Kristina Finne orientert om arbeidet med prosjektet Bygd for alle, og det som er gjort til no for å inkludera fleire i aktivitetar. Talmaterialet viser at mange born lever i heimar som er under det som vert definert som fattigdomsgrensa i Noreg, og at prosjektet må fokusera på å lindra effektane for desse borna. Meir om aktivitetar og støtteordningar finn du her: Ung på Voss

Liv Jorunn Solstad orienterte om status og vifdare arbeidet med Leve hele livet, som mellom anna jobbar med meir og reell medverknad frå burkarane, og prøver å få fleire til å delta i aktivitetane som skal til for å sikra ein god alderdom. Les meir her: Leve hele livet

Gunnhild Utkvitne orienterte om status og vidare arbeid med handlingsplanen i den strategiske næringsplanen. Planen vert lagt fram for politisk behandling i neste møtebolk. Du kan lesa høyringsutkastet her: SNU Voss

Hilde Hauge Rogne orienterte om status og vidare planar i det viktige arbeidet med kommunedelplanen for tidleg innsats og livsmeistring. Ho har nyleg tatt over som prosjektleiar for dette arbeidet, og jobbar med meir forankring utover i organisasjonen i tre trinn:

  1. Overordna mål, visjonar og satsingsområde
  2. Tema, fag og aktørar
  3. Handling og samhandling

Ukraina

Det er busett vel 100 flyktningar frå Ukraina på Voss i år. Fleire er på veg, og i gjennomsnitt vert det busett fire eller fem nye kvar veke. Arbeidet med å skaffa bustad er krevjande, særleg er det vanskeleg å finna bustad med tre soverom som er tilpassa barnefamiliar, og som ligg nær skule og barnehage med kapasitet, og samtidig ha eit godt nok kollektivtilbod.

Me veit ikkje kor mange som kjem neste år, men heradert ventar at me vert oppmoda om å ta i mot mange flyktningar også neste år.

Ny rekrutteringsløysing

Me startar opp med eit nytt rekrutteringssystem som heiter Easycruit. HR har sett opp datoar for opplæring til alle leiarane no i november, og planlagt oppstart og bruk av programmet er 1.desember. Tilsetjingsrutinen er den same som alltid, men med Easycruit vil nokre punkt i rutinen vert gjort på ein ny og betre måte.