Leve heile livet

Leve heile livet er ein kvalitetsreform som skal bidra til eit samfunn det er godt å vera eldre i.

Gjennom heile livet skal innbyggjarane kunna delta, skapa, bety noko, gje og få god omsorg. 

Det er behov for å lære av innbyggjarane kva som skapar gode kvardagar. Reforma utfordrar kommunane til å tenkja nytt, læra av og dela med andre, samt ta i bruk erfaringar og kunnskap om kva tiltak som verkar. Samarbeidet er i gang mellom Voss herad, Næringshagen på Voss, Senter for omsorgsforsking og Voss frivilligsentral for å skapa eit aldersvenleg samfunn.

 

Kontakt oss

Prosjektleiar Liv Jorunn Solstad 
E-post: liv.j.solstad@voss.herad.no
Telefon: 415 00 856