17.desember 2024 signerte ei rekkje frivillige lag, kommunale råd, ordførar og rådmann Fritidserklæringa til Voss herad. Dette er ei erklæring som seier at partane saman skal jobba for at alle barn og unge i Voss herad skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet.
Fritidserklæringa bygger på FN sin konvensjon om barn sine rettar, artikkel 31. Denne handlar om at alle barn har rett til å delta i leik, kulturliv og fritidsaktivitetar.
Sist endra 19.12.2024 14.13
Fritidsarbeidet i Voss herad skal fremja trivsel ved at barn og unge opplever å høyra til eit sosialt fellesskap og gleda ved å ta del i ulike aktivitetar, organisert og uorganisert. Fritidsarenaen skal vera tilgjengeleg for alle barn og unge i heradet. Ingen skal føla seg utanfor på grunn av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsvariasjon eller familieøkonomi. Me skal samarbeida om å fjerna barrierar og ivareta barn og unge sine rettar til medverknad, slik at alle kan delta i fellesskapet.
Alle barn og unge i Voss herad skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet.
Voss herad starta systematisk å arbeida med å avdekka barrierar for deltaking i fritidsaktivitetar hjå barn og unge i 2021. I prosjektet Bygd for alle (2021-2024) har hovudmålet vore å sikra at barn og unge har lik moglegheit til å vera ein del av fellesskapet gjennom deltaking i fritidsaktivitetar, uavhengig av sosialøkonomisk situasjon. Fritidserklæringa er eit resultat av arbeidet som er gjort i prosjektet. Målet med erklæringa er å styrka samarbeidet mellom offentleg sektor, frivilligheita og privat sektor kring barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar.
Fritidserklæringa for Voss herad (PDF, 2 MB)
Mål
Gjennom Fritidserklæringa i Voss herad vil partane jobba for at:
- fritidstilboda i Voss herad er opne, trygge og inkluderande
- alle barn og unge skal finna ein aktivitet dei trivst med
- barn og unge skal utvikla seg og oppleva meistring gjennom fritidsaktivitetar
- økonomi ikkje er til hinder for deltaking
- barn og unge medverkar i utvikling av fritidsfeltet
- barn og unge med funksjonsvariasjonar skal få ei barrierefri fritid
- det vert lagt til rette for at fleire fritidsarenaer vert universelt utforma
Avtalepartar
Avtalepartar som har signert erklæringa er representantar frå frivillig lagsliv, kommunale råd, politisk og kommunal administrasjon og næringsliv: ordførar, rådmann, ungdomsråd, innvandrarråd, Råd for MMNF, Voss Kulturråd, Voss Idrottsråd, Voss Frivilligsentral, Voss Røde Kors, Kirkens Bymisjon Voss og Voss Næringsråd. Voss Røde Kors og Kirkens Bymisjon er invitert med då dei har samarbeidsavtalar med heradet om barn og unge si fritid.
Erklæringa er forankra og vedtatt i heradsstyret. Partane som har signert fritidserklæringa har ansvar for å følgja opp arbeidet med å realisera målet om fritidsaktivitet for alle barn og unge i Voss herad.
Erklæringa skal evaluerast og følgjast i samband med kommuneval og nytt heradsstyre.
Nasjonal Fritidserklæring
Den nasjonale fritidserklæringa (PDF, 625 kB) vart signert første gong i 2016 og på ny i 2022. Erklæringa er signert av statsministeren, sju statsrådar, KS, Norsk kulturskoleråd og 19 paraplyar og organisasjonar frå frivillig sektor.
Fritidserklæring vestland
I september 2024 var Vestland fylkeskommune det fyrste fylke som signerte ei eiga regional Fritidserklæring. Her forplikta aktørar i heile fylket seg til å arbeida for at barn og unge skal få delta i organiserte fritidsaktivitetar. Fritidserklæring Vestland (PDF, 2 MB)
Støttekontakt er eit tilbod for deg som har behov for ein person som kan vera saman med deg på fritida, slik at du kan få ei aktiv fritid eller hindra at du vert isolert grunna alder, nedsett funksjonsevne eller sosiale utfordringar.
Les meir om støttekontaktordninga her:
Støttekontakt i Voss herad