Søk helse- og omsorgstenester

Når du søkjer om helse- og omsorgstenester, vil Voss herad saman med deg finne ut kva tenester som passar best for dine behov.

Kven kan få tenester?

Voss herad brukar eigne reglar – såkalla tildelingskriterium – for å vurdere:

  • Kven som har rett på helse- og omsorgstenester
  • Kva slags tenester du kan få

Desse reglane skal sikre at alle blir behandla rettferdig og i tråd med lova. Dei blir vedtekne politisk og oppdaterte jamleg.
Sjå tildelingskriteria (PDF, 3 MB)

Nokre tenester treng du ikkje søkje om. Du finn oversikt over desse nedst på sida.

Slik søkjer du

Du treng ikkje veta nøyaktig kva tenester du skal søkje om. Fyll ut eit generelt søknadsskjema der du forklarar:

  • Kva du treng hjelp til
  • Kva behov du har

Me vurderer søknaden saman med deg og finn ut kva tenester som passar.

Søk digitalt:

Søknadsportal 

Søk per post:

Søknadsskjema (PDF, 133 kB) 

Søkje på vegne av andre

Andre kan søkja for deg dersom du ikkje kan gjere det sjølv.  Då må du leggje ved ei fullmakt. Last ned fullmaktskjema (PDF, 45 kB)

Etter du har søkt

Når me har fått søknaden din, blir han behandla av dei aktuelle tenestene i ditt nærområde. Dei:

  • Hentar inn nødvendig informasjon
  • Kartlegg behovet ditt i samtale med deg
  • Kan gjennomføre heimebesøk dersom det er naudsynt
  • Gjer ei fagleg vurdering og skriv vedtak

Du får eit skriftleg vedtak innan fire veker etter at søknaden er motteken.

Denne arbeidsmåten er i tråd med tillitsmodellen og bidreg til betre samhandling med deg som innbyggar. Når fagpersonane som vurderer og avgjer behov er tett på deg, blir det enklare å gje rett hjelp til rett tid.

Klage på vedtak

Du kan klage innan fire veker etter at du har fått vedtaket. Klagen må innehalde:

  • Kvifor du klagar
  • Eventuelle nye opplysningar eller dokument

Informasjon om korleis du klagar står i vedtaket. Andre kan klage for deg med fullmakt.

  • Klager på lovpålagde tenester blir sendt til Statsforvaltaren
  • Klager på andre tenester blir behandla av klagenemnda i Voss herad

Treng du hjelp?

Har du spørsmål, treng hjelp til å søkje eller klage, eller lurer på kva rettar du har? 
Ta kontakt med Forvaltning av helse- og omsorgstenester

Kontakt

Forvaltning og koordinering av helse- og omsorgstenester
Kommunalavdeling helse og omsorg
E-post
Telefon 56 52 13 00

Besøksadresse

Uttrågata 15

Opningstid

Måndag–fredag kl. 09.00-15.00

Postadresse

Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5700 Voss