Næringsutvikling

Velkomen til næringsavdelinga i Voss herad. Her finn du nyttig informasjon om kva planar me jobbar etter, kontaktpunkt, kor du kan søka om midlar, med meir. 

Me har ein plan

Med planen «Strategisk næringsutvikling i Voss herad» (SNU Voss) skal me jobba målretta med næringsutvikling. Målet er å vera best i klassen når det gjeld å legga til rette for vidareutvikling og etablering av berekraftige verksemder og næringar i heradet.

Samla skisserer SNU Voss 49 mål og 147 tiltak som skal styrka dugnaden med å skapa ei berekraftig og velfungerande samfunnsutvikling i Voss herad. Sjå tiltaksplanen her. 

Tiltaksplan 2023-2024

 

 

Næringsklyngene på Voss

 

Landbruksbygda Voss
Tradisjonelt har Voss vore ein landbrukskommune. Landbruket har djupe røter og stolte tradisjonar, og er framleis ein viktig aktør i næringslivet på Voss. Samstundes ser me at medan talet på bønder på Voss har blitt mykje redusert, har andre næringar vakse fram.

Dei tre store
Bygg- og anleggsbransjen (BA) er den største einskildståande næringa på Voss. Handel og reiseliv kjem på dei to neste plassane, og til saman utgjer desse dei tre dominerande næringane på Voss.

Ei sirkulær framtid
Voss har store ambisjonar knytt til sirkulær økonomi. Verksemder som Kitemill, Invertapro og BIR er allereie godt etablerte. I 2024 går ein i gong med bygging av eit biogassanlegg på Voss. Anlegget skal vera navet i den komande bioparken, der biologisk avfall skal gjerast om til verdifulle og nye produkt.

Nye satsingar
Potensialet for nye klynger på Voss må også vurderast i komande periode. Det er eit stort potensiale for å kopla Voss på kompetansemiljø i Bergen, mellom anna innanfor område som media, teknologi og helse. 

 

Artikkelliste